Ein «elektrisk» tur langs elva

Det kan vere tungt å gå mot straumen, men på denne turen går det leikande lett! Med el-bilen køyrer du rett og slett mot kjelda for den fornybare vasskrafta som forsyner eit stort område med elektrisitet. På denne «elektriske historieturen» skal du innom det hyggelege bygdesenteret Aurlandsvangen, før du følgjer elva gjennom ein frodig dal mot snuplassen i Vassbygdi.

Ta deg gjerne ei rast ved elvebreidda på denne turen. Det er mangt å fundere på når ein sit ved ei elvebreidd og ser på vatn som renn forbi.

Start og stopp:
Flåm sentrum

Turen varer:
2 timar

Pris:
1500 kr

Køyrerute for turen

På kartet ser du kvar ferda går. GPS-guiden vår i bilen fortel om dei avmerkte høgdepunkta på turen – men sjølvsagt også om mykje anna spennande.