Den hyggelege landsbyen ved fjorden

Aurlandsvangen er kommunesenteret for dei seks bygdene i Aurland kommune, og du besøkjer eit hyggeleg bygdesenter ved fjorden som har mykje å vise fram. Kanskje vil du kike inn i den vakre, gotiske steinkyrkja? Kanskje er du nysgjerrig på korleis dei lagar aurlandsskoen? Kanskje liker du å rusle rundt og berre kikke på husa, sjå korleis folk bur her? Her får du kjøpt produkt frå lokale handverkarar og matprodusentar. Unn deg ein smak medan du kviler auga på den evige fjorden!

Start og stopp:
Flåm sentrum

Turen varer:
1 time

Pris:
1250 kr

Køyrerute for turen

På kartet ser du kvar ferda går. GPS-guiden vår i bilen fortel om dei avmerkte høgdepunkta på turen – men sjølvsagt også om mykje anna spennande.